Joleutstillinga 2011 Rauland kunstforening
Opnngstider:
Fredag 12-18
Laurdag 12-17
Sundag 12-17
romjoli (27. - 31.) kvar dag
Inngang 50,- / medlemmar, born og studentar gratis
Fotoutstilling i prosjektromet
Vinje fotoklubb (amatørutstilling)
Vel møtt!
Joleutstillinga 2011
27.11. – 31.12.
Rauland kunstforening
Salsutstilling
Ope torsdag etter avtale fredag 12-18, laurdag og sundag 12-17
I romjola ope kvar dag Inngang 50,- / medlemmar, born og studentar gratis
Forutan galleributikken der du også kan finne mange fine jolegåver har Rauland kunstforening invitert tre kunstnarar,som alle har ei tilknyting til Rauland, Vinje og i alle fall Telemark, til årets joleutstilling.
Fotokunstnar Arne Svalastog
Fotograf Arne Svalastog har far sin frå Rauland og er oppvaksen og bur på Gvarv.
Han er autodidakt (sjølvlært).
Utstillinga hans er blitt til etter to lengre møte med Island og har fått tittelen
Hringvegurinn – vinterreise langs islandske vegar.
Svalastog budde på Island to vintrar, båe gonger etter å ha blitt tildelt gjesteopphald hos SÍM (Islandske biletkunstnarar i Reykjavik).
Sjølv skriv han at målet med opphaldet var å skildre det islandske vinterlandskapet slik ein møter det frå bilvindauget.
Difor køyrde han mykje rundt i leigebil, langs Islands ringveg og hovudfartsåre, Hringvegurinn. I utgangspunktet søkte han det klassiske, streite landskapsfotografiet, men etter kvart blei dette for han eit møte mellom natur og sivilisasjon.
I utstillinga viser han ei blanding av reine naturbilete, og bilete der det menneskeskapte bryt inn og påverkar landskapet, og dermed også biletet av landskapet.
Kunsthandverkar Silje Villhodd
Biletkunstnar Silje Villhodd er oppvaksen i Smørklepp i Vinje og etter utdanning og verkstadarbeid flutte ho heim til Vinje i 1998.
Ho er utdanna ved Kunsthøgskolen i Oslo og Escuela Massana i Barcelona.
Sjøl skriv ho at målet hennar er å leite og finne visuelle uttrykk for det språklause; det sanselege, for draumane me ikkje forstår og tankespranga som gjer oss svimle.
Villhodd har kalla utstillinga si Made in Vinjeog her får ein sjå måleri og skulptur. Ho arbeider mykje med stein, tre og acryl. Ho fortel vidare at ho tenker ved å teikne og har alltid ein teikneblokk og trykkblyant med seg.
Biletkunstnaren Kristin Eidem
I det fremre galleriromet er det biletkunstnaren Kristin Eidem som stiller ut brukskeramikk, små keramiske skulpturar og bilete. Dyr, religion, politikk og personar blir forma til satirisk, humoristisk og underfundig keramikk og utstillinga har då også tittelen Mykje glede.
Og det er det her. Kunsten hennar er fargerik, levande, leiken og ofte barnleg.
Eidem er fødd på Hamar, men har budd og virka mesteparten av sitt liv i Telemark. Ho bur i Skien og er godt kjent i Vinje etter å ha budd og stilt ut her tidlegare. Ho er utdanna frå Kunsthandverkskulen i Bergen, hospitant på Vestlandske Kunstakademi og SHK i Oslo.
Opningstider
Fredag 12-18
Laurdag 12-17
Sundag 12-17
romjoli (27. - 31.) kvar dag
Inngang 50,- / medlemmar, born og studentar gratis