Home > Aktør > Svalastog


- Velkomen til Svalastog i Grungedal

Svalastog
Phone: +47 959 22 856
Email: gerdSPAMFILTER@visitsvalastog.no (Remove SPAMFILTER from the address)
Web: www.visitsvalastog.no

Kart:

GPS:

Lengdegrad: 7.7625274658 -
Breddegrad: 59.710711918


Svalastog er eit gamalt Telemarkstun frå om lag 1600. Her kan du overnatte i gamle og nye hus. Beliggenhet i Grungedal ved E 134.

Keramikkverkstad med utsal på garden.

På garden har me også dalasau i fjoset, og fine, mangefarga villsau som går ute heile året, med eit nytt steinfjos som base. Garden vert driven økologisk.

Godt fiskevatn like ved, sal av fiskekort på garden.

Barnevennleg leikeområde med blant anna huske og trampoline.

Biljardbord kan også nyttast av gjester om sommaren.

Beachvolleybanen vår er til disposisjon for våre gjester.

Stort hopp for ski og snøbrett på garden om vinteren.

Pilegrimsleden frå Seljord til Røldal går forbi garden. Svalastog er ein god stad å overnatte for pilegrimer.

Hovden, Haukelifjell og Rauland sine skisenter er alle innanfor 45 minuttar køyring. På Hovden Badeland kan du slappe av etter skituren.

Bø Sommarland er eit passeleg mål for ein dagsutflukt.

Grungedal ligg midt i mellom Oslo og Bergen, og er ein passeleg stopp for deg som skal vestover for å sjå på fjordane.

Aktuelt

- frå mine hender til dine!

Eg lager alt frå små skåler og koppar til store fat og krukker, og dekorerer med t.d. kobolt, eller begitter utvendig med ulike nyanser i blått og grønt, for så å risse inn dekoren.

Eg har også laga utsmykkingar til Raulandsbadet og Attførings-senteret i Rauland.


Beachvolleyball

Bookmark and Share