Sumarcamp 2011
Sumarcamp for ungdom frå 5-10.klasse på Mjonøy
Mjonøy
Bli med på ei veke fylt med gode opplevingar og morosame aktiviteter. Me bur i små hytter og bruker Mjonøy som base for fjellturar, padleturar, fiske og konkurransar. Du vil nok møte på utfordringar. Kanskje vil du lære noko nytt. Og du vil få nye venner. Det blir tettpakka program, men og nok av tid til å gjera det du sjølv ynskjer. Du får innføring i ulike tema på kveldstid. Badestampen skal me halde varm.
Turleiar: Andreas Harstad
Alder: 5.-8. klasse
Tidspunkt: 27.juni – 01.juli
Pris: kr 2000,- (kr 3000,- for dei som ikkje er frå Vinje)
Påmelding til aasne.vesaasSPAMFILTER@vinje.kommune.no <> (Remove SPAMFILTER from the address)
Villmarksveke/Robinsonveke:
Me pakker sekken og går over fiskeutstyret før me padler det fyrste stykket inn i villmarka. Heile veka skal me vera ute. Me skal eta, sove, sanke, bygge og lære å samarbeide ute i naturen.
Dagane vil me bruke til å bygge oss ein bra camp i nærleiken av vatnet , gå turar, padle og fiske. Du vil få god opplæring i kart og kompass, fyrstehjelp og generelle friluftsferdighetar. Bålkos og gode historier skal me nok og få tid til.