Mjonøy - Bakeri

Køyrer du sakte forbi Mjonøy ein sommardag, kjenner du ein herleg lukt av nysteikte bakevarer. Det riv i nasen og du MÅ stoppe og finne vegen inn i bakeriet.

er no vinterstengt, og opnar att til sommarsesongen 2011.

Her laver det av:

•brød
•loff
•rundstykke
•skillingsbollar
•mandelstjerner
på hyller og bord rundt den varme omnen.
Det er berre å forsyne seg og krabbe ut att gjennom den låge døra.

Bakeriet heiter Kringlegarden frå garden huset kjem frå, Kringlegarden i Smørklepp.

Ingen konserveringsmidlar

Alle brød blir steikt i den vedfyrte bakaromnen.

Her er berre nytta mjøl, salt og vatn. Og alle brød blir baka med surdeig. Her er ingen ekstra tilsetjingar av kveitegluten eller konserveringsmidlar.

Me bakar ulike sortar:

Mjonøys grovbrød, fransk landbrød, graskarbrød, brød med solsikke og linfrø. Pris: 45 kr.

Loff, søte bollar og rundstk. blir baka i den elektriske steinomnen.

Loff: 30 kr. Rundstk: 10 kr. Mandelstjerne, bollar med eplefyll, kanel i svingane: kr. 18, skulebrød: 20.

eZ Publish™ copyright © 1999-2012 eZ Systems AS