Biletvev

Start dato: 25.06.2012

Slutt dato: 01.07.2012

Påmeldingsfrist 14. mai 2012
Kursnr.: 1288
Lærar:Johansen, Anne Gro

Kurs for nye og erfarne biletvevarar. Her kan du veve tradisjonelt eller eksperimenterande etter eige ynskje. Det blir undervist i grunnleggande teknikkar, både tradisjonelle og nyare variantar. For dei heilt ferske er det lurt å byrja med ein prøvelapp. Lærar har opplegg og garn. Eller har du eit mønster du aldri har fått sett ut i livet? Har du lyst til å lage eigne komposisjonar, får du hjelp og rettleiing til det. Du treng ikkje vera god til å teikne. Biletvev er eit stort kunnskapsfelt, du kan sjølv velje område du vil arbeide med; teknikkar, fargar, materialkombinasjonar, komposisjon eller uttrykk. Du må ha eiga biletvevramme. Ta kontakt med kurslærar dersom du har behov for material.

Anne Gro Johansen er biletvevar og har undervist i mange år.

Kurs måndag kl 19 til sundag kl 12. Påmeldingsfrist 14. mai.Meld deg på før 1. mars og få 10% rabatt på kursavgifta.

Kurs kr: Kr. 4800,-
Opphald og mat kr: Kr. 3900,-

25. June - 1. July 2012

Mon Tue Wed Thu Fri Sat Sun
 V  V  V  V  V  V  V
eZ Publish™ copyright © 1999-2012 eZ Systems AS