Design, mønsterkonstruksjon og saum av klede
Start dato: 09.07.2012
Slutt dato: 15.07.2012
Påmeldingsfrist 28. mai 2012
Kursnr.: 1230
Lærar:Glitsch, Veronika
Har du lyst til å saume klede etter eigne ideer, men ikkje veit korleis du skal få laga mønster til dei? Finn du aldri klede som passer heilt til dine mål? Har du for eksempel ein kjole i hovudet som du aldri heilt finn i butikken? Har du eit yndlingsplagg som er utslite, men som du gjerne skulle hatt ein kopi av?
På kurset jobbar vi med grunnleggande mønsterkonstruksjon for klede. Vi tar for oss grunnformene for skjørt, overdel og bukse. Grunnformene blir bruka som utgangspunkt for å konstruere plagg etter dine eigne idear. For å konstruere kjolar og kåper byggjer du saman grunnform overdel og grunnform skjørt. Du lærer korleis du forandrar grunnmønstra, legg inn større volum, forandrar fasong, legg saumar der du ynskjer, til du har fått fram din eigen design. Så syr vi lerretsmodell av mønsteret, gjer innprøving på kroppen og overfører endringane attende til mønsteret.Dei siste dagane på kurset brukar vi til å sy opp plagget du har konstruert. Du lærer korleis du bruker mønsteret for å klippe ut delane til plagget, og den saumteknikken som skal til for å få eit proft resultat. Under saumprosessen gjer vi innprøvinger etter eigen kropp om det er deg sjølv du syr til. Påmeldingsfrist 13. juni. Meld deg på før 1. mars og få 10% rabatt på kursavgifta.
Kurs måndag kl 19 til sundag kl 12.
Kurs kr: 4800,-
Opphald og mat kr: 3900,-