Figurskjering intensivkurs
Start dato: 19.7.2012
Slutt dato: 22.7.2012
Påmeldingsfrist 7. juni 2012
Kursnr.: 1261
Lærar: Refsal Harley
Dette er ein 3-dagars versjon av Harley Refsals populære vekeskurs i figurskjering. På dette kortkurset vil du få ein introduksjon til skandinavisk figurskjering. Målet er at du skal laga minst to ferdige figurar som vil gje deg eit grunnlag for vidare treskjerararbeid. Tresorten er lind. Treskjerarstilen er prega av få og grove snitt, du brukar ein liten skarp kniv. Figurane blir fargelagt med svak beis. Harley Refsal fører vidare tradisjonane frå Axel Peterson Döderhultarn, den kjende svenske treskjeraren som levde rundt forrige århundreskifte. Siste boka til Harley Refsal er "Scandinavian Style Woodcarving". Harley tek turen frå USA for å undervise på dette kurset. Han snakkar flytande norsk.
Kurs torsdag kl 19 til sundag kl 12.
Påmeldingsfrist 7. juni.
Meld deg på før 1. mars og få 10%rabatt på kursavgifta.
Kurs kr 3200,-
Opphald og mat kr 1950,-